Røde Kors Ut på Tur i Nordhordland

Røde Kors Ut på Tur i Nordhordland si målsetjing er å skapa ein møtestad for integrering, språktrening og fysisk aktivitet. Her skal frivillige turvenner og innvandrarar møtast for å gå på tur saman, ein gang i veka. Når ein går på tur og pratar saman vil norsktrening og trim gå hand i hand. Vennskap og kjennskap vert etablert, og ein skapar positiv merksemd om integreringsabeidet i lokalmiljøet. Ut på Tur i Nordhordland er eit samarbeid mellom Nordhordland Røde Kors og Nordhordland Turlag.

Målgruppa for aktiviteten er vaksne innvandrarar i Nordhordland som ynskjer å få trening i det norske språket. Tilbodet er ope for alle som har behov for å øva på og bruka det norske språket, og som kjenner at dette tilbodet kan gje dei ein betre kvardag i det norske samfunn.

 
"Ut på Tur" har no møtestad i 2 kommunar:

Radøy, kvar torsdag, kl. 17.30-19.30. Oppmøte ved Gamle prestegarden, Manger.

Lindås, kvar torsdag, kl. 17.00-19.00. Oppmøte Nordhordlandshallen inngang A, Knarvik

 

Informasjon om datoar og ulike turar vil de finna på Facebooksida " Røde Kors Ut på Tur i Nordhordland", på heimesida til Nordhordland Turlag og i lokalavisene.

 

Har DU lyst å vera frivillig turvenn i Ut på Tur i Nordhordland? Meld frå til Lillian/li-bo@live.no, Audun/audun@munnhola.no eller berre møt opp. Du er hjarteleg velkommen. Einaste kravet vi stiller til deg er at du likar å gå på tur og har lyst å gjera ein positiv forskjell for integreringsarbeidet i kommunen din.

 
Prosjektgruppa i "Ut på Tur" er:
 

Lillian Bondevik, frivillig i  Nordhordland Røde Kors, prosjektleiar

Audun Håland, frivillig og styremedlem i Nordhordland Røde Kors

Hans Olav Ånensen, frivillig i Nordhordland Turlag

Janne Ånensen, frivillig i Nordhordland Turlag